Haustetidsvurdering

NLR Vest starta opp med uttak av Discovery tirsdag 15. august for vurdering av riktig haustetid denne sesongen.

Fokuset med haustetidsvurdering vert også i år er å koma i gong med hausting av rett sort til rett tid, noko som både produsent og fruktlager tener på i tillegg til at frukta får optimal kvalitet.

NLR kjem i samarbeid med Innvik Fruktlager til å ta ut fruktprøvar og gjere analysar kvar måndag, på tysdag blir resultata lagt ut på denne sida. I Sogn blir tilsvarande resultat lagt ut på heimesida til Sognefrukt. NLR sluttar difor no å sende ut e-post til alle fruktmedlemane med resultat frå haustetidsvurderingane.