Har du lyst til å verta birøktar?

PolliVest, Gartnerhallen og Sogn Birøktarlag inviterer til:

Møte for å informera om kva birøkt er og kva som trengs for å starta opp med birøkt.

Møte er ope for alle interesserte. PolliVest er ei ny prosjektsatsing for å auke bruk av bier i frukt- og bærdyrkinga.


Bisamfunnet er eit fascinerande studieobjekt, og som birøktar vert du aldri utlært. Difor er det mange vel birøkt som hobby eller næring. Det er spesielt i byane at interessa har auka i det siste, med eigne lokallag i Noregs Birøktarlag som vert kalla Bybi. Berre i løpet av siste året har Noregs Birøktarlag fått 600 nye medlemmer. Her i fylket er det altfor få, vi treng ein Bygdebi-mobilisering, både for å dekke trongen til utleige av bikubar til pollinering i dei mange frukt og bærhagane i fylket, og for å få auka honningproduksjonen. Norske forbrukarar ynskjer meir norsk honning.

Marco Neven er ein røynd birøktar frå Lærdal og han vil innleie. Det er sett av god tid til spørsmål.

Stad: Kjellaren på Kafe Krydder, Parkv. 6, Sogndal.
Tidspunkt: Måndag 7 mars kl 19.00.

Deltaking kr 100, inkludert enkel servering. Betaling når de kjem på møtet.

Av omsyn til serveringa, ber vi om påmelding innan fredag 4. mars kl 12.00
Send epost med påmelding til nina.heiberg@gartner.no